- Likte: Renhold, personale og service og overnattingsstedets forfatning og fasiliteter
Sjarmerande, sentralt hotell
Eg og mannen min budde på dette hotellet etter tilråding frå andre i samband med ferie. Hotellet er eit sjarmerande hotell, eit tidlegare kloster der den gamle arkitekturen i stor grad er bevart. Fin, sentral beliggenhet. Hotellet har eigen parkering (mot betaling), i tillegg ligg det eit offentlig parkeringshus i gangavstand frå hotellet. Hotellet har eige basseng med pent område omkring. Fint på dagtid, men området ligg i skyggen på ettermiddag/kveld. Hotellet har til gjengjeld ein takterasse med solsengar om ein vil nyte sola lenger. God, variert frokost med rause serveringstider. Største ulempa med dette hotellet var at det i alle høve på vårt rom var svært lydt til naborommet, noko som kan vere eit problem med ulike leggetider. Eit rimelig hotell med alt i alt god valuta for pengane, men med enkelte ulemper.