6/10 – Grei
Verifisert reisende
9. okt. 2016
Likte: Renhold
Litt skuffande til å vere 4 stjerners hotell
Hotellromma er bra, men ikkje av dei største. Det var god reinhald på romma, men dei gløymde nok å fylle på med shampo (andre rom fekk dette). Maten var bra, men synst det var mindre utvalg enn det som er vanleg på hotell med 4 stjerner. Dessverre for oss fekk vi rom rett over den utvendige underhaldningsscena. For dei som vil legge seg før kl. 23.30 var det for mykje støy. Der er også andre rom som vender ut mot vegen der det også vil vere ein del bilstøy. Vi hadde også litt varierande oppleving av personalet, frå dei som var veldig serviceinnstilt, til dei som nok kunne vore flinkare. Dessverre var ikkje alle i personalet like flinke i engelsk, men stort sett gjekk det bra å bli forstått. Der er tennisbane og volleyballbane, eit lite styrkerom og andre aktivitetar for dei som vil vere aktive. Totalt sett eit bra hotell viss ein vil kose seg, men det passar dårlegare viss ein vil ha fred og ro (spesielt om kvelden).