"Det var eit flott hotell med stor lobby og store rom. Alt var reint og fint. Det var tradisjonell engelsk frukost med litt pålegg og utvalg av frukt og yoghurt i tillegg. Det var også litt søtt bakverk for dei som liker det. Restauranten tilbaud og middag, men det hadde ikkje me. Hotellet ligg 5-7 minutt frå sentrum av Winchester med taxi eller buss. Bussen går to gonger i timen på dagtid og èin gong i timen på kveldstid og i helger. Busstoppen er berre eit par minutt frå hotellet. Èin kan òg ta bussen til Alton eller Alresford. Særleg sistnevnte er èin koselig småby og èin kan ta eit gamalt damplokomotiv derifrå til Alton og så buss tilbake igjen. Bussbillett er sekspunkts for vaksne uansett distanse. Frå Winchester er det òg enkelt å koma seg med tog til Salisbury og vidare til Stonehenge viss ein vil. Elles mange attraksjonar i Winchester viss èin er interessert i historie. Byen har ei lita bykjerne og lett å finna fram i. Mange greie plassar å eta, både puber, pannekakehus og pizzarestaurantar. "