Her får ein mykje for pengane. Det er enkel standard med køyesenger og sengetøy og handklede betalar ein ekstra for og reier opp sjølv. Men. Utsikta er glimrande, kort avstand til butikk og kollektiv transport, rikeleg med parkeringsplassar som er gratis for vandrarheimens gjester. Stort felles opphaldsrom og tilgang til eit kjøken slik at ein kan tilberede mat billeg. Frukosten er enkel, men dug til føremålet sitt, internettet er raskt og meget koseleg personale. Sjølvsagt ikkje for alle, men for dei som vil ha noko rimeleg er det midt i blinken. Er nok mest brukt av utanlandske og det gjenspeglar seg kanskje også blant personale. Men godvilja for å lære seg norsk blant dei som ikkje er så stødige på dèt er der :)