Vi hadde eit tre netters opphald i eit leiligheit (1 sov) i dette hotellet, og er stort sett fornøgd.
Vi hadde med eit spedbarn og ein treåring. Det var ein såkalla høg 1. etg. så barnevogna må bærast opp trappa opp og ned til bakkenivå, og hadde vi leigd eit rom høgare oppe -som vi fikk lyst på då vi såg at mange av desse romma hadde vestvendt balkong, - så fann vi ut at heisen var såpass mini at den ikkje romma barnevogna, og då var det liksom ikkje verdt bryet med å oppgradere rommet.
Bassenget har morgon/formiddagssol så på ettermiddagen er det betre å vere på stranda. (Det var ikkje så varmt der i mai) Vi var der i Mai/ offseason og det var superbillig, Rommet var reint og pent og godt utstyrt, med AC, oppvaskmaskin, vaskemaskin (ikkje t.trommel) osv.
Parken rett over gata var knall for treåringen, og bak den igjen så ligg det eit "seaworld" som er verdt å få med seg, med delfinshow og det heile. Når det kjem til byen Benalmadena så er det i kategorien "trist turistmaskin utan sjarm, men med ei fantastisk strand" 5 min å gå til stranda, betalte ni euro for å leige solseng til familien der.