Vi var to vaksne og to born som trengte ein stad å overnatte i samband med ein lang køyretur. Det var lett å finne fram sidan det er skilta til Heidal Rafting frå E6. Vi kom fram om kvelden og vart møtt av ein hyggelig mann som gav oss nøkkel og informerte om alt vi trengte å vite. Vi avtalte at han kunne trekke betalinga for opphaldet frå kortet vi hadde lagt inn då vi bestilte, så trengte vi ikkje å gi beskjed då vi reiste neste morgon.
Romet var romsleg, og med køyesenger var lukka gjort for ungane. Det var litt varmt på romet då vi kom men det var enkelt å skru ned temperaturen på omnen og lufte litt. Vi la på sengetøy sjølv. Badet var reint, og som resten av romet heilt ok innreidd -ikkje luksuriøst eller hypermoderne, men langt frå gammalt og slitt. Rett ved romet vårt var TV-stova, som vi voksne kunne bruke medan ungane sov. Det var ikkje noko problem å koble seg på det trådlause nettet. Det var ingen andre i bygningen så vidt vi kunne merke så vi slappa godt av. Der var visst òg eit kjøken med alt ein treng i første etasje men dette brukte vi ikkje.