Hotellet / båten ligg fint til i hamna i rotterdam. Om du er avhengig av å bu midt i byen er ikkje dette hotellet for deg, men buss 77 stoppar rett ved båten, og går hyppig frå næraste metrostasjon (Rinjhaven) I tillegg har hotellet eigen shuttle-bil som køyrer delar av døgnet.
Romma ombord er komfortable og romslige lugarar som er oppussa og fine. I tillegg har ein fine kafé- og restaurantmuligheiter ombord på det koselege akterdekket med utsikt mot "skyline" i sentrum og hamna i byen.
Einaste negative er at dei øvre soldekka ikkje er opne for gjestane ombord, men guida tur kan bestillast. Alt i alt ei positiv oppleving til ein fornuftig pris, spesielt om ein har litt maritim interesse.