"Fint hotell og hyggelig personale. Heilt ok beliggenhet, det låg rett ved eit jernbane, men kunne ikkje høre noko tog begge dagane eg var der. Rommet var stort og fint med ei svær seng. Veldig kjekt at der var eit minikjøleskap! På badet var det mange sprukne fliser på golvet, og ei løs flis. Ellers reint og fint. Bassengområdet åpnet 09.00 og stengte 18.30. Det var informert at ein kunne vere ved barområdet fra klokka 08.00. (Rett ved basseng området) Når eg satt meg der litt over klokka 08.00 sa personalet eg ikkje kunne vere der før klokka 09.00 pga dei skulle reingjere. Det var ikkje noko andre plasser rundt bygget ein kunne sete ute for å nyte sola. Så eit lite minus der. Fint bassengområdet, men minus med utedusjen, den var skitten og lite innbydende.
Eg spurte om hotellet kunne ringe etter taxi til meg ved avreise og det kunne dei. Eg hadde forhørt meg tidlegare om kor mykje det ville koste, og det var mellom 15-18 Euro. Og frå hotellet sa dei 20 Euro. Når eg skulle betale drosja så måtte eg betale 30 Euro. Når eg spurte taxisjåføren kvifor det blei så dyrt, så han at hotellpris og hotellet skulle ha sin del. Det er vel ikkje vanleg? Kan vere at eg har misforstått noko, men synast det var rart og dyrt for ein 4,7 km reise. Men alt hadde eg eit fint opphold."