Grei innsjekking trass i sein ankomst, men vart overraska av at sluttreingjering ikkje var inkludert i den forhåndsbetalte prisen. Dette kom ikkje fram verken ved bestilling eller i tilsendt bekreftelse. Dette ligg heller ikkje framme på Vesterlands eiga nettside, kun dersom ein søkjer ekstra informasjon om rom/hytte, men ikkje om ein går direkte til bestilling. Det er uansett ikkje opplyst om storleiken på tillegsgebyra. Dette gir eit misvisande inntrykk av prisnivået for den som samanliknar aktuelle alternativ for overnatting, t.d. standard hotellrom med frokost.
Hytta var velutstyrt og virka rein, men vatnet frå golvvasken vart ganske skittent.