Hotellet ligg nært både togstasjonen og ein bussholdeplass. Stranda ligg rett nedanfor og der kan ein velge anten ei nydeleg privatstrand eller ei minst like fin offentleg. Det ligg mange alternativ til stader å ete, og viss ein vil til Cannes, Nice, Grasse eller Antibes og Juan-les-Pins, er dei ikkje lenger unna enn ein kort tur med toget. Dei tilsette på hotellet er flinke og serviceinnstilte, og rommet vårt var utruleg fint og blei bra reinhaldt. Eit minus er at det i hotellinformasjonen står at dei har tre basseng, medan det faktisk berre er eit som er til pynt. Frokostbuffeen var litt dyr, vi valde å kjøpe sjølv ute.